Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, november 28, 2006

Kva heiter det på norsk?

Alle dei tre borna våre har levd over halvparten av livet sitt utanlandts. Aller verst er det for Nikolai. Han har levd to tredeler av livet i Indonesia. Det er difor ikkje alltid like lett å få orden på alt det norske.

Under middagen dag spurde Frøydis kva frukt han hadde fått på skulen i dag. Han er nemleg med på skulefruktordninga. Han visste ikkje namnet på frukta, men den var omtrent som avocado, berre litt lysare. Kva frukt trur du det var? Då eg skulle vaska opp matboksen hans fekk eg sjå svaret.



Han hadde altså fått ei pære :-)

Nye moment til statskyrkjedebatten

Eit av dei store samtaletema for tida er om me framleis skal ha statskyrkje i Noreg eller ikkje. Debatten går friskt og mange har ei meining om saka. Trond Giske har klart standpunkt for statskyrkja og brukar alle moglege hendingar til å argumentera for det. Eg vart spesielt imponert over framsida på VG i dag. Der var ei av hovudsakene at ein eller annan artist hadde blitt nekta å spela ein spesiell song i kyrkja på julekonserten sin. Giske brukte då det som eit døme på kva som ville skje dersom det vart eit skilje mellom stat og kyrkje. Dette skjedde jo i statskyrkja, ikkje etter at stat og kyrkje hadde skilt lag! Eg forstår ikkje logikken heilt. Dersom ein er usamd i det som skjedde så hadde det etter mitt syn vore meir logisk å bruka saka til å få Giske fjerna. Slik går det når han er kyrkjeminister!

På Fitjar vart det vedteke i kommunestyret at dei ynskte å ta vare på statskyrkjeordninga. Dei hadde og eit tilleggsvedtak om at dersom det likevel vart lausriving så måtte det lovfestast at kyrkja skulle vera luthersk og byggja på dei humanistiske grunnverdiane.

Dette fekk meg på tanken på kvifor ein ikkje kan gjera Human-Etisk Forbund (HEF) til staten sitt religionsministerium. Ei slik ordning vil hjelpa til at staten får eit religionsvesen som kan gje eit komplett tilbod til borgarane i kongeriket Norge. HEF tilbyr jo allereie namneseremoni og konfirmasjon. Borgarleg vigselsrituale finst allereie og det bør vera mogleg å snekra saman noko for gravferd dersom det ikkje er på plass allereie. På den måten slepp ein unna mange av dei problematiske tinga kyrkja står for. Ikkje treng det vera usemje om ein skal ha mann eller kvinne som seremonimeister, heller ikkje er det problematisk om seremonimeisteren er sambuar eller lever i partnerskap. I humanismens namn kan ein gifta både heterofile og homofile. I tillegg så slepp ein unna ”uheldige ord” som synd, dom, evig liv, fortaping, frelse, nåde og så vidare. Alt kan vera politisk korrekt til ei kvar tid og ein slepp å ta omsyn til kva som står i den gamle boka. Det er det jo ingen som trur på lenger likevel, eller er det nokon som framleis gjer det?

mandag, november 27, 2006

AKSJON HÅP - IGJEN


DET NÆRMER SEG AKSJONSDAGEN, 10.DESEMBER OG VI ER SLETT IKKE I MÅL NÅR DET GJELDER ANTALL BØSSEBÆRERE. HAR DU MELDT DEG? GJØR NOE MED DET AKKURAT NÅ! www.aksjonhap.no

torsdag, november 23, 2006

Høgdepunkt frå preikeferd i Haugesund Krins

Siggjo er med sine 474 m.o.h høgste fjellet i Bømlo kommune. Kanskje ikkje spesielt imponerande, men utsikten frå toppen er fenomenal. Under preiketuren min til Håvikvåg på Bømlo fekk eg komma opp på toppen to gonger. Dette var vel eitt av høgdepunkta under turen min, i alle fall i meter. Ein "gal bømling" ligg an til å nå 500 besøk til toppen i løpet av året. Verten min, tidl. lensmann Bjørn Lavik, er ikkje så verst heller med 100 turar som mål. Er du i nærleiken så er Siggjo absolutt verdt eit besøk. På biletet kan bruene i Trekantsambandet skimtast i bakgrunnen.


I tillegg til å ha vanlege møte på bedehuset fekk eg og ha fem skuletimar på Rimbareid barne- og ungdomsskule, den skulen der eg sjølv gjekk i 9 år. Høgdepunktet der var nok å få vera på besøk i 3. klasse der Eli Simonsen var lærar. Ho var nemleg læraren min i 5,5 år. Ho og alle dei andre fekk eit lite glimt av det me har opplevd i Indonesia siste tre åra. Eg fekk mykje positiv respons på desse skuletimane. Er det nokon som har lyst på skulebesøk så ta kontakt :-)



Springflo ved Vestbøstadsjødn.












Ein buskmann i Grønavikjo.












Det store høgdepunktet var nok likevel at eg fekk vera i nærleiken då Hanna Lovise kom til verda. Terminen var eigentleg i byrjinga av desember, men ho hadde lyst til å nytta høvet til å få sjå onkel Olav før han reiste til Trøndelag. Ho kom difor allereie 17.11. og kom heim frå sjukehuset to dagar før onkel skulle reisa. Alt står vel til med mor og barn og far og storesøster Olga og storebrødrene Nils Birger og Ola Sigurd.

Bamsen har Hanna Lovise fått av Johanne.




Beste kommentaren under opphaldet på Fitjar kom Nikolai med den søndagen dei var der. Då vart det servert is til kaffien, bl.a. ein litt meir avansert type med valnøtter og lønnesirup. Nikolai forsynte seg rikeleg, men kom til faren med isskåla og avleverte denne reklamasjonen: Æ vill itj ha isen, for det va så VANNVITTIG Fitjar-smak på den!

tirsdag, november 21, 2006

Det skal bli andre boller når papen kjem heim....


Det nærmer seg visst jul og skal vi herme etter Ivar Medås(?) så blir det andre boller når papen kjem heim til jul. I morgen kommer pappa hjem etter 3 uker i Haugesund krins og da skal han ikke på langfart igjen før etter jul, så da kjem han vel heim til jul da.......

fredag, november 17, 2006

NYTT SØSKENBARN


I dag morges (fredag, 17.11) ventet en koselig melding på mobilen: ei aldeles skjønn lita tulle ville ikkje vente i 15 dagar til. Hanna vart fødd kl 0213. Vitale mål 3120 g og 49 cm. Alt er vel, lykken er fullkommen og takknemligheten til Gud stor. Vi deler alt! Gratulerer så mye til Lovise og Lars og til storesøsknene Nils Birger, Olga og Ola Sigurd. Barnebarn nr 11 hos Hanna og Nils (se bilde:-) Søskenbarn nr 20 for ungene her sin del!

torsdag, november 16, 2006

JULESANGER

Jeg er leder i Heimdal kirkes barnekor og for noen uker siden begynte vi å øve på julesanger slik at vi er klare til julemessa i Heimdal kirke den 25. "Hvilke julesanger kan dere da?", spurte jeg. "Hjulene på bussen" var svaret.......Nå har de lært seg flere julesanger, og vinneren hos oss er "Jeg er så glad hver julekveld". Og hvis det kan få være gleden vår, at Jesus ble født tror jeg det blir en god jul:-)

tirsdag, november 14, 2006

SELAMAT ULANG TAHUN, MARLINA

15. NOVEMBER HAR MARLINA BURSDAG OG DEN VIL VI GJERNE VÆRE MED Å FEIRE! OG SIDEN MARLINA ER I MEDAN OG KAN SE DETTE SIER VI BARE: SELAMAT ULANG TAHUN KE 26, MARLINA. Satu tahun yang lalu kita menikmati kue di rumah Marlina di Sihabonghabong. Muda-mudahan Marlina makan kue hari ini juga. Tuhan memberkati! Salam dari adikmu Nikolai, Brita dan Johanne dan dari Kakak-abang-mu Olav dan Frøydis.

lørdag, november 11, 2006

Lys i mørke

Det er tid for messer og i går var vi som er i trøndelag på julemesse i Betania. Der var det salg av masse forskjellig og jeg kjøpte kryddersild og lefse. Jule"baksten" er i gang. Alf Gjøsund hadde andakt og snakket om lys i mørketida. Uansett hvor tjukt mørke kan være klarer det ikke å kvele lyset når det kommer. Vi skal få være lys i mørketida. I dag skal jeg være på stand for Aksjon Håp i byen og være et lys. Et lys som i denne omgang er et lys langt der framme for noen som håper på en lysere tilværelse. Har du ikke meldt deg som bøssebærer? Gjør det nå da vel på www.aksjonhap.no og bli et lys i mørke.

tirsdag, november 07, 2006

Misjonsmesse

På laurdag fekk me vera med på misjonsmesse for NLM på Fitjar Bedehus. Frå kl 12.00 og til langt utpå kvelden var det program. Attraksjonane var mange: åresalg, barnemøte med Fitjar Barnegospel, tombola, varesalg, Gunnar Hamnøy, kransekakelotteri og ikkje minst komler! Innsatsen vart rikt belønna. Bruttoresultatet vart på heile kr 128.000. Veldig godt jobba av komiteen og bygdefolket! Det var som ein sa det: Dei kan arrangera basar og folk går heim med vakum i lommebøkene!

torsdag, november 02, 2006

Flystreiken avblåst- jippi!!!

Flystreiken vart altså ikkje noko av. Me gratulerar dei kabintilsette i Norwegian med resultatet av forhandlingane. No kjem me oss altså til Farmor, Farfar, Nils Birger, Olga, Ola Sigurd og alle andre på Fitjar :-)

Flystreik eller ei?

Blir det streik på Norwegian? Det er dagens store spørsmål. Etter å ha forhandla 14,5 timar på overtid er det enno usikkert. Nikolai, Brita, Johanne og eg har tenkt oss til Fitjar i kveld og skal reisa med Norwegian. Me ventar difor i spenning. Eit tilleggsmoment er at eg skal til Oslo i morgon og har billettar frå Flesland i morgon tidleg. Håpar at forhandlingane går i boks!