Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, juli 30, 2007

Olsok








Aldri har eg vore med på meir olsokfeiring enn i 2007. Me starta dagen med høgmesse i Nidarosdomen før me reiste vidare til Stiklestad. Før spelet starta hadde me piknik i tante Sissel sitt nyinnkjøpte party-telt. Teltet kom vel med for regnbygene var ganske intense. Heldigvis letta veret litt før spelet starta. Me var saman med mormor, tante Birthe, tante Sissel og onkel Calle.
På førehand har det vore mykje skriveri om at noverande regissør, Stein Winge, har avkristna spelet. Eg har aldri sett noko anna utgåve enn årets og må seia at det var ei stor oppleving.
Eg sit likevel igjen med eit spørsmål etter forestillinga: Kva tenkjer ein vanleg publikummar om temaet som spelet krinsar om, nemleg valet om kven ein skal tru på - dei gamle gudane eller Kvitekrist? Kong Olav sine replikkar om at folket måtte velja og at Gud var på hans side vart stadig møtt med latter frå publikum. Tolkar dei fleste det som om dette spelet berre skildrar noko av vår kulturarv og som hende for snart 1000 år sidan? Eg trur Jesus Kristus like mykje stiller oss på val i 2007. Kven vil eg fylgja? Kven vil du ha til herre i ditt liv?


Etiketter: , ,

lørdag, juli 28, 2007

Ut på tur, aldri sur


I vår kjøpte me oss telt og no har me fått prøvd det. Gutane i familien hadde overnattingstur til Lauglovatnet. Me traska inn til vatnet og slo opp teltet før me prøvde fiskestanga. I Vellikvatnet fekk me ein liten aure, men den slapp me laus igjen. Det blei difor ikkje fisk på menyen. Heldigvis hadde me med rikeleg med proviant.
Me var heldige med veret. Vermeldina var ikkje så verst, men det vart strålande ver. Regnbygene som var melde kom ikkje før me hadde komme oss heim. Då hadde me med oss litt blåbær og nokre molter + minnet om ei flott naturoppleving

Etiketter: ,

onsdag, juli 25, 2007

Å Rosenborg, å Rosenborg...

I kveld var me på Lerkendal og såg Rosenborg i cupkampen mot Odd. Det starta bra for trønderane med mål etter 90 sek, men kampen varte over 90 minutt og då hadde Odd fått to mål. Me hadde fine plassar på rad 2, like bak det eine målet. Diverre vart alle måla scora i det andre målet. Sånn kan det gå. Det var ein fin kveld for fotball. Lett yr i fyrste omgang gjorde at banen var glatt slik at me fekk sjå nokre lange sklitaklingar. Når Rosenborg no er ute så får me satsa på at Haugesund kjem seg til cupfinalen i år.

Etiketter:

Bibelcamping












Eit av høgdepunkta i sommar har vore bibelcampingen på Skoghus på Senja. Innimellom bibeltimar og kveldsmøte har me vore på fisketur, bada og køyrt surfering. Det har og vore turar både til fjells og rundt på Senja. Veret har vore varierande frå regn og vind til strålande solskin døgnet rundt! Senja har mykje å by på og i kombinasjon med gode møte så har det vore ein veldig fin mix. Det er sterke ynskje frå den yngre garde å reisa tilbake igjen neste sommar. Bibelcampingen på Skoghus anbefalast på det aller varmaste. Ei flott oppleving!

Etiketter: , ,

Bilkøyring


Me har køyrt ca 4500 km siste månaden. Løypa er slik: Trondheim-Oslo-Danmark-Oslo-Kongsvinger-Gagnef (ved Falun i Sverige), Sundsvall-Haparanda-Tornio-Kilpisjärvi-Senja-Saltfjellet-Trondheim. Me har altså vore innom alle dei skandinaviske landa + Finland i løpet av sommaren. Trass alt har det gått godt. Ungane har sett gjennom ca 20 videofilmar og me vaksne har høyrt oss gjennom like mange. Ellers så har me sett mykje regn og skog på turen. Det varmaste punktet på reisa vår er Namsskogan med 24,5 grader.

Etiketter: , , ,

Danmarksferie












Me hadde ei veke ferie i Danmark i månadsskiftet juni-juli. Det regna ein god del, men me hadde det likevel veldig bra. Me budde hos nokre venner som me vart kjent med i Indonesia. Dei bur i Glyngøre, like ved Limfjorden. Sjølv om dei budde berre nokre hundre meter frå stranda så innbaud ikkje veret til badeliv. Det regna ikkje då me var i Legoland, men også den dagen kom det kraftig regn då me hadde komme oss i bilen. Elles så var me innom Skagen, Jesperhus blomsterpark og Hjerls Hede.

Etiketter: , , , ,

mandag, juli 16, 2007

GOD SOMMER

Vi ferierer og befinner oss nå nord for polarsirkelen, her har vi vært den siste uka og skal bli ei stund til. Får ikke til å legge over noen nydelige bilder vi har tatt av midnattsola og det er vanskelig å få formidlet i få ord alt det flotte vi har fått oppleve på bibelcamp. Men, vi stortrives alle 5 og selv om det er gråvær i dag, så har vi det bra.