Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, mars 31, 2008

Rapport frå helga

Ei ny helg er over. Her ein liten oversikt over noko av det som skjedde.

Fredag kveld spelte Frøydis og Kattem Kaos ny kamp mot Byåsen. Etter sist kamp fekk Trine Haltvik tilbod om å spela i eliteserien for Gjøvik/Vartdal og ho slo til på det. Likevel klarte Byåsen seg greit. På biletet under kan det sjå ut som om det berre var eitt lag på banen. Det stemmer nesten, men biletet lyg litt. Byåsen-damene var fotrappe og skuddsterke og vant til slutt 54-14.

Det gjekk betre med Brita si handballhelg. Ho var i Stjørdal på cup. Dei kom på 2.plass etter å ha tapt mot Stjørdals-Blink i finalen.



På laurdag hadde Kattem Handball loppemarked. Frøydis var med i komiteen. Ca 100 personar venta på at dørene skulle opna. Resultatet vart ca kr 25000. Bra innsats!


På søndag vart Brita presentert som fleirårskonfirmant. Ho er no i gang med konfirmasjonsførebuinga og skal konfirmerast våren 2010. Brita står rett bak døypefonten.


Eg fekk ikkje med meg presentasjonen for eg var i Betania i Trondheim og song med Kretskoret. Det er eit mannskor som øver eit par gonger i halvåret og som deltek på diverse møte i Trøndelag.

På laurdag ettermiddag talte eg på [muv] på Melhus. [muv] er forkortinga for Melhus unge voksne. Eg hadde fått temaet: Tror du under kan skje i dag? Bedehuset var stappfullt av born og unge og det var veldig kjekt å vera der. For meir informasjon om [muv] kan linken under sjekkast ut.


onsdag, mars 26, 2008

Vel overstått påskefeiring!

Årets påskeferie ble feiret noe oppsplittet og delt. Jentene var på leir, Johanne med Frikirka til Oppdal, Brita på Søvassli. Begge hadde hatt det fortreffelig og skal på leir igjen! Gutta var på Fitjar og mor sjøl holdt seg ved fortet. Jobb t.o.m skjærtorsdag og så tur til Åfjord. 2.påskedag fikk vi skitur sammen hele gjengen (uten Johanne, som var hjemme og passet huset)


Mormor har satt verdensrekord i familien med ut og inn av sykehuset i påska, ingen ettertraktet rekord akkurat. Venter nå på utredning på St.Olav.


Nå har hverdagen innhentet oss igjen. Det er full aktivitet. Til helga er det loppemarked for håndballen og der er mor veldig aktiv. Det nærmer seg håndballcup i Sandnessjøen og ikke minst 40 års feiring. Johanne skal snart synge konsert i Olavshallen og øver med sanggruppa si til det. Olav var i Selbu i går og til Søvassli i dag. Nikolai skal på bursdag til Daniel på laserX og gleder seg til det. Brita starter opp som flerårskonfirmant i dag og da er hun i gang. Full aktivitet!

lørdag, mars 22, 2008

Sykkeltur til Kråko



Rapportane frå Trøndelag vitnar om snø og kulde. På Fitjar har me hatt ein strålande dag. 10 av oss reiste på sykkeltur til Kråko i solskinnet.

Påskeharen er avslørt


Det var sterk kost å få sjå påskeharen på nært hald. Ikkje så rart at biletet vart uskarpt.

torsdag, mars 20, 2008

Årets fyrste padletur


I går var Nikolai på besøk til Einar. Einar har flytta frå Orkdal til Bømlo og det var veldig kjekt å treffa han igjen. Ein ekstra spiss på turen var det at me fekk prøva kanoen deira.
Påsketur kan vera så mangt. Går det ikkje på ski så er jo kano eitt alternativ.

lørdag, mars 15, 2008

Sesongens siste skitur?

I dag hadde eg ein flott skitur i Bymarka. Gjekk frå Sapstad skisenter, over Rønningen, forbi Grønlia og opp til Skistua. Tok så turen ned til Granåsen og tilbake til Saupstad. Heile runden var i underkant av 3 mil. Sjølv om det ikkje var like langt som birkebeinarane måtte gå så brukte eg likevel lengre tid enn mange av dei som gjekk birken. Varierande føre. Eg starta i yr og isete løyper og la på hurtigklister under skia. Det lugga godt i starten, men vart ypperleg etter kvart. Opp mot Skistua var det derimot nysnø og som biletet syner så klabba det ein del. Kunne gå rett opp sjølv dei brattaste kneikane. Tilbaketuren var flott.

Dette er einaste skituren denne påska. I morgon tidleg reiser nemleg Nikolai og eg til Fitjar. Der er våren godt i gang og det blir vel andre aktivitetar enn skigåing.

Ynskjer alle ei god påske, anten det er klabbeføre eller solskin der du held deg!

onsdag, mars 05, 2008

VÅR

Hører og leser om at det er vår rundt om i landet. Det har de glemt i Trøndelag...... Det snør og det snør og vi snør nesten ned. Å kjøre hjem fra seinvakt på Byneset i storm var ingen morsom opplevelse. Vi kjørte kolonne fra sykehjemmet og kom oss velberget over Ringvål. Neida, det var ikke så alvorlig, men ekkelt er det når vinden liksom tar tak i bilen. Og så hjelper det på ekkeltheten at brøyting hører til sjeldenhetene over der. I dag er det meldt mere snø. Korr ska vi gjør av 'en, spør no æ!


Sov du vesle spire ung, ennå er det vinter

Ennå sover bjørk og lyng, roser, hyasinter

Ennå er det langt til vår, langt til rogn i blomstring står

Sov du vesle spire, ennå er det vinter!