Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, juli 27, 2008

MiG 2008

Sidan torsdag har eg og borna vore på Tautra på Midtnorsk Gospelfestival (MiG). Det var kjempeflott! Fint ver og masse god musikk. Frøydis hadde arbeidshelg så ho må nøya seg med bileta. Nedanfor er nokre glimt frå festivalen.

POTEDES OG SILD


I går var mamma og jeg på teater i Råkvåg; Potedes og sild. Der ble vi med noen sommerdager i 1930 da sildefiske var stort og det meste sirklet rundt dette sildefiske. Utrolig imponerende innsats av Stjørna Teaterlag.

onsdag, juli 23, 2008

Film frå Abdi Sabda


NLM har lansert ei ny nettside for ungdom, http://www.itro.no/. På denne sida ligg det no ein ny film frå Abdi Sabda, det teologiske seminaret der eg underviste i tre år. Møt Kjell Audun Herje og nokre studentar frå Abdi Sabda ved å gå inn på denne sida:


tirsdag, juli 22, 2008

Gratulerer med dagen, Nikolai!


Nikolai fyller ni år 23 juli! Gratulerer! Alle er velkommen på bursdagsselskap i Rådyrvegen kl 18.

søndag, juli 13, 2008

Handballcup i Danmark

Brita og laget hennar har vore med på handball-cup i Dronninglund på Nord-Jylland siste veka. Det har vore veldig kjekt. Sjølv om Kattem sine 13-åringar måtte spela i 14-årsklassen så klarte dei seg bra. Dei vann to kampar, hadde ein uavgjort og tre tap. I tillegg til handballen så vart det tur til Fårup Sommerland, shopping i Aalborg og campingliv.

Me budde i telt og det gjekk veldig greit. Veret var skikkeleg variert. Det var regn og solskinn alle dagar.

Johanne og Nikolai var ikkje med. Johanne har malt huset til tante Heidi og onkel Helge i Åfjord og Nikolai har vore i Drøbak-sundet på hytta til tante Birthe og onkel Jomar. I fylgje rapportane har dei hatt det bra der.

For å sjå bilete frå cupen og sjekk av resultat så kan de gå inn på linken under. Det er flest bilete med Kattem-jentene på biletserien frå tirsdag (bilete 860-885). Kattem er det blå laget og dei vann den kampen som bileta er frå. Motstandarane var Sæby frå Danmark.