Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, august 19, 2012

Sommarglimt

Det har vore ein lang sommar og lite blogging. Her er nokre høgdepunkt frå sommaren vår.
Fitjar-tur
Misjonssambandet si generalforsamling på Lillehammer Eitt av mange høgdepunkt var misjonærinnvielse av sju misjonærar. Sterkt å vera med på det. Kollekten på det eine møtet var på kr 700 000!
Sverige-tur for å møta tante Anna Tante Anna, Frøydis si tante, har budd i USA i 40 år, men har no flytta tilbake til Norge/Sverige igjen.
Tur med Skibladner
Trollnatt på Hunderfossen Johanne har hatt sommarjobb på Hunderfossen og hadde varierte oppgåver, frå troll til prinsesse.
MiG TautraMiG var det konsertar og regn. Lynda Randle og Marshall Hall var dei utanlandske songarane som var med. Henning Kvitnes, Trine Rein og Sigvart Dagsland var blant dei norske.
Helgetur til Grimstad for avlevering av Brita på Drottningborg Me overnatta i Skien hos familien Sigfred og møtte og familien Lars som var på retur etter feriedagar i Italia.
Moltetur i Meråker Ein innhaldsrik sommarferie er no over. I morgon er det skulestart for Nikolai og Johanne. Kvardagane ventar!