Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, januar 04, 2013

Shopping

Lokalt marked i utkanten av Medan.
Snacks på Pasar Bengkel
I Berastagi

Frukt er sunt, året rundt

Rambutan
Sjølvplukk av appelsiner.
Fruktmarkedet i Berastagi.

...og drikke...

I Indonesia er det mykje god fruktjuice. Her er det tamarillo, mango og sirsak.
Kopi luwak er verdens dyraste kaffi. Kaffibæra blir etne av eit katteliknande dyr og bønnene kjem ut i andre enden. Dei blir så brent. Sjølvsagt måtte me prøva den eksklusive drikken.
Red Bull er ei populær drikke og sponsor av fleire av norges store idrettststjerner. Den lokale varianten heiter Kratindaeng. Nikolai kjøpte to boksar Red Bull på flyplassen i Singapore før han var klar over at det ikkje var lov å ta med flytande væsker på flyet.

Uten mat...

I løpet av dagane i Indonesia åt me mykje god mat. Me var på kina-restaurantar av ymse slag, åt sate (grillspyd) og mykje forskjellig.
Julafta feira me på Tabo og der var det buffet, bl.a. med med fruktsalat i frukt.
Nyttårsafta var me på Swiss Cafe. Nyttårsbuffeten der var rikhaldig, spesielt mykje god sjømat. Sushien fall i smak.

torsdag, januar 03, 2013

Besøk til gamle kjente

På veslejulafta fekk me vera med på dåp av barnebarnet til Sumardjono og Surtini i Medan. Det var fest heime hos dei etter gudstenesta.
Etter at me hadde feira jul på Tabo reiste me til Pematang Purba og besøkte Mama Ivana og borna. Dei er gode vener av oss frå tida i Sihabonghabong. Mannen til Mama Ivana, Sitepu, er prest og bur mesteparten av tida i Sihabonghabong. Me fekk diverre ikkje møta han denne turen. Marlina, ei av dei som var studentar i Sihabonghabong, er no evangelist i Sidikalang. Ho kom og til Pematang Purba.
I Medan besøkte me og Ibu Delfi, Amelia, Mei og Salomo. Ibu Delfi og Amelia var hushjelper hos oss og det var svært kjekt å møta dei igjen.

Juleferie i Indonesia

No har me akkurat komme heim etter to flotte veker i Indonesia. Her er nokre bilete frå turen.
Sjølve jula feira me på Tabo Cottages ved Tobasjøen. Under lesinga av juleevangeliet dukka det opp ei flaggermus som sette ein støkk i tilhøyrarane. Heldigvis vart ikkje flaggermusa fylgd av ein himmelsk hærskare.