Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, oktober 17, 2006

Bare rør

Neida, det er ikkje situasjonen i den svenske regjeringa det er snakk om, heller ikkje statsbudsjettet. Me har nemleg "bare rør" på eine badet vårt for tida. Ein vasslekkasje i veggen mellom oss og naboen i 62 har gjort at me har fått røyrleggjarar på besøk. Dei har hakka opp veggen på badet for å komma til lekkasjen. Det visar seg at røyra er så dårlege at dei må skiftast. Det betyr i klartekst at begge bada vert pussa opp. For tida kan me nytta badet oppe, men utan varmvatn. Det fristar lite å dusja i berre kaldvatn og enkelte i familien er berre glade for det. Me har håp om at alt skal vera i orden når det er jul. Frøydis har bestilt nedvasking av huset 18. desember.