Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, mai 28, 2012

Guttetur til Oslo

Landskampen Norge-England på Ullevaal stadion var høgdepunktet på Oslo-turen vår. Nydeleg sommarver i Oslo - absolutt ein fin dag for fotball:)
Kampen var ganske jevn, men Ashley Young (Man U) lurte Brede Hangeland og laga mål for England etter 9 minutt. Målet vart scora like etter biletet nedanfor var tatt. Det var einaste målet i kampen, men me fekk i alle fall målet på den sida me sat!
I tillegg til fotball så var me på badetur i finveret. Me var og innom Den lille kokosbollefabrikken. Me hadde vore innom på den ein gong før, men avdelinga bak Oslo Spektrum var lagt ned, dessverre. Skuffelsen var stor, men så fann me ut at det var ei avdeling på Sagene og dit drog me. På pinsedag var me i Misjonssalen i Oslo. Kjekt å vera innom der etter gammalt! Det var jo forsamlnga vår dei sju åra me budde i Oslo.

torsdag, mai 17, 2012

Hipp, hipp, hurra!

søndag, mai 13, 2012

Tulpen aus Amsterdam

Etter nesten 20 år som ektefolk var me til Amsterdam på langhelg. Fin tur, sjølv om det var litt kjølig. Tulipanblomstringa var ikkje over og turen til Keukenhof var ei oppleving!
Me var og rundt i byen på sightseeing.

lørdag, mars 03, 2012

Jeg har gått til scenen - neste uke blir jeg å treffe på Byscenen omtrent hver kveld med revyen "Naken, frodig og inkontinent". Det er helse og velferd i Trondheim kommune som står bak. Det har vært mange og lange øvelser, men det ser bra ut. Alle billetter er utsolgt (det har de vært lenge) så nå gleder-gruer vi oss!

søndag, februar 26, 2012

Bymarkmesterskap i isfiske

Johanne og Nikolai deltok i dag på Bymarkmeisterskapet i isfiske samen med rundt 200 andre. Det var lite fisk å få, men ein fin dag i vårsola vart det. Nikolai fekk både diplom og ein sluk som premie, medan Johanne berre hadde opplevinga og minner igjen. To av dei utanlandske klassevenninnene hennar var med og hadde ei eksotisk oppleving. Sjå video med glimt frå meisterskapen på adressa.no

mandag, februar 20, 2012

Vinterferie

Så er vinterferien i gang. Aktiviteten så langt har vore snømåking. Johanne har fullført eit puslespel med 500 bitar. 8 av bitane hadde tekst. Resten var einsfarga svarte. Mission impossible, men no er det ferdig. Imponerande!

søndag, januar 08, 2012

Så gjør vi så når vi kaster ut vårt tre...

Så er juletreet ute. I dag vart jula songen ut. 21 stk med stort og smått stilte opp og gjorde det med stil. Etter nokre brutale rundar rundt treet med "Så går vi rundt om en enebærbusk" og "Jeg gikk meg over sjø og land" så var fleire av greinene utan ei nål. Litt minka det på julebaksten, men enno er det fleire sortar igjen. I og med at fleire av besøket hadde med sine restar så vart det faktisk fleire sortar igjen enn det var før festen:)