Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, mai 17, 2008

Hipp, hipp, hurra!


Gratulerer med dagen, nordmenn i inn og utland!


Her er temperaturen ca 7 grader på morgonkvisten. Heldigvis regnar det ikkje akkurat no. Frukost-bordet er dekka og nabojenta er på veg til korpsoppdrag. På pianoet spelar Johanne og Brita Ja, vi elsker etter tur.


Etter frukostbesøk av mormor, tante Gerd, tante Sigrun og onkel Elling skal me i tog på Heimdal. Så er det leikar på Kattem skole. Frøydis skal på seinvakt. Resten av familien reiser til Betania for å delta på 17.maifest kl 18.