Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, februar 06, 2009

Ny ressursbok for indonesiske søndagsskulelærarar


Det har lenge vore eit følt behov for andaktshjelp for indonesiske søndagsskulelærarar. Misjonær Magne Vatland tok tak i dette. Han har tidlegare vore med på å skriva andaktshjelp for søndagsskulen i ei av dei indonesiske kyrkjene, GKPI.

Saman med nokre indonesiske medarbeidarar har han arbeidd fram ei bok med 55 tekstar, ein for kvar søndag og kristne helligdag i løpet av eit år. Boka har fått tittelen Yesus Sahabatku. Det betyr: Jesus, bestevennen min. Andaktane fylgjer kyrkjeåret og det er både andaktsdisposisjonar og forslag til aktivitetsopplegg for tre ulike aldersgrupper samla i denne boka. Boka er ikkje datert og kan difor brukast opp igjen fleire år.

Boka var ferdig i trykken før jul og har allereie blitt tatt i bruk i nokre søndagsskular.



31. januar var ca 150 søndagsskulelærarar samla til seminar der boka vart evaluert. Det var representantar frå ulike protestantiske kyrkjer, pinsevenner, karismatiske kyrkjer og katolikkar. To kvinner med brei erfaring og stor kunnskap om kristent barnearbeid var invitert til å gi konstruktiv kritikk. Tilbakemeldingane frå både kritikarane og deltakarane var positive. Det kom og forslag til forbetringar.

Arbeidet med planlegginga av bok to i serien har allereie starta. Det er planlagt minst tre slike bøker. Arbeidet med utviklinga av denne bokserien er støtta av NLM.