Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, juli 21, 2009

Englandstur


No er me heime igjen etter ei intens veke i England. Me fekk med oss veldig mykje i løpet av desse dagane. Me tok mange bilete, men einaste biletet av alle fem var saman med Shrek på Madame Tussaud i London (Shrek står bak til høgre).

Me såg mykje desse dagane, bl.a. Chatsworth - huset til hertugen og hertuginna av Devonshire, York med vikingsenteret Jorvik og Harry Potter-kino, Whitby, Aidensfield og til slutt nokre dagar i London med blant anna besøk på Madame Tussaud og Stamford Bridge, heimebanen til Chelsea. Innimellom var det shopping.

Alle var einige om at det var ein fin tur!

No er tilbake til striskjorte og havrelefse...