Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, januar 03, 2013

Besøk til gamle kjente

På veslejulafta fekk me vera med på dåp av barnebarnet til Sumardjono og Surtini i Medan. Det var fest heime hos dei etter gudstenesta.
Etter at me hadde feira jul på Tabo reiste me til Pematang Purba og besøkte Mama Ivana og borna. Dei er gode vener av oss frå tida i Sihabonghabong. Mannen til Mama Ivana, Sitepu, er prest og bur mesteparten av tida i Sihabonghabong. Me fekk diverre ikkje møta han denne turen. Marlina, ei av dei som var studentar i Sihabonghabong, er no evangelist i Sidikalang. Ho kom og til Pematang Purba.
I Medan besøkte me og Ibu Delfi, Amelia, Mei og Salomo. Ibu Delfi og Amelia var hushjelper hos oss og det var svært kjekt å møta dei igjen.