Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, november 28, 2006

Nye moment til statskyrkjedebatten

Eit av dei store samtaletema for tida er om me framleis skal ha statskyrkje i Noreg eller ikkje. Debatten går friskt og mange har ei meining om saka. Trond Giske har klart standpunkt for statskyrkja og brukar alle moglege hendingar til å argumentera for det. Eg vart spesielt imponert over framsida på VG i dag. Der var ei av hovudsakene at ein eller annan artist hadde blitt nekta å spela ein spesiell song i kyrkja på julekonserten sin. Giske brukte då det som eit døme på kva som ville skje dersom det vart eit skilje mellom stat og kyrkje. Dette skjedde jo i statskyrkja, ikkje etter at stat og kyrkje hadde skilt lag! Eg forstår ikkje logikken heilt. Dersom ein er usamd i det som skjedde så hadde det etter mitt syn vore meir logisk å bruka saka til å få Giske fjerna. Slik går det når han er kyrkjeminister!

På Fitjar vart det vedteke i kommunestyret at dei ynskte å ta vare på statskyrkjeordninga. Dei hadde og eit tilleggsvedtak om at dersom det likevel vart lausriving så måtte det lovfestast at kyrkja skulle vera luthersk og byggja på dei humanistiske grunnverdiane.

Dette fekk meg på tanken på kvifor ein ikkje kan gjera Human-Etisk Forbund (HEF) til staten sitt religionsministerium. Ei slik ordning vil hjelpa til at staten får eit religionsvesen som kan gje eit komplett tilbod til borgarane i kongeriket Norge. HEF tilbyr jo allereie namneseremoni og konfirmasjon. Borgarleg vigselsrituale finst allereie og det bør vera mogleg å snekra saman noko for gravferd dersom det ikkje er på plass allereie. På den måten slepp ein unna mange av dei problematiske tinga kyrkja står for. Ikkje treng det vera usemje om ein skal ha mann eller kvinne som seremonimeister, heller ikkje er det problematisk om seremonimeisteren er sambuar eller lever i partnerskap. I humanismens namn kan ein gifta både heterofile og homofile. I tillegg så slepp ein unna ”uheldige ord” som synd, dom, evig liv, fortaping, frelse, nåde og så vidare. Alt kan vera politisk korrekt til ei kvar tid og ein slepp å ta omsyn til kva som står i den gamle boka. Det er det jo ingen som trur på lenger likevel, eller er det nokon som framleis gjer det?