Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, november 02, 2006

Flystreik eller ei?

Blir det streik på Norwegian? Det er dagens store spørsmål. Etter å ha forhandla 14,5 timar på overtid er det enno usikkert. Nikolai, Brita, Johanne og eg har tenkt oss til Fitjar i kveld og skal reisa med Norwegian. Me ventar difor i spenning. Eit tilleggsmoment er at eg skal til Oslo i morgon og har billettar frå Flesland i morgon tidleg. Håpar at forhandlingane går i boks!