Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, juli 30, 2007

Olsok








Aldri har eg vore med på meir olsokfeiring enn i 2007. Me starta dagen med høgmesse i Nidarosdomen før me reiste vidare til Stiklestad. Før spelet starta hadde me piknik i tante Sissel sitt nyinnkjøpte party-telt. Teltet kom vel med for regnbygene var ganske intense. Heldigvis letta veret litt før spelet starta. Me var saman med mormor, tante Birthe, tante Sissel og onkel Calle.
På førehand har det vore mykje skriveri om at noverande regissør, Stein Winge, har avkristna spelet. Eg har aldri sett noko anna utgåve enn årets og må seia at det var ei stor oppleving.
Eg sit likevel igjen med eit spørsmål etter forestillinga: Kva tenkjer ein vanleg publikummar om temaet som spelet krinsar om, nemleg valet om kven ein skal tru på - dei gamle gudane eller Kvitekrist? Kong Olav sine replikkar om at folket måtte velja og at Gud var på hans side vart stadig møtt med latter frå publikum. Tolkar dei fleste det som om dette spelet berre skildrar noko av vår kulturarv og som hende for snart 1000 år sidan? Eg trur Jesus Kristus like mykje stiller oss på val i 2007. Kven vil eg fylgja? Kven vil du ha til herre i ditt liv?


Etiketter: , ,