Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, september 10, 2011

Kor e alle heltar hen?


I visa frå 1993 lengtar Jan Eggum tilbake til tida før illusjonane brast. Visa fortel om dei mange heltane som har svikta. Det gjeld både Stalin, Tjorven og Jesus.

Gjennom dei hendingane som har prega Norge denne sommaren, har det blitt tydeleg at kyrkja enno er viktig i samfunnet vårt. Når livet røyner på, er det flott at kyrkjeromma er opne. Baksida av medaljen er at det å ha opne kyrkjer kostar pengar.

Trondheim KrF ynskjer å styrka økonomien til kyrkja. Eit døme på dagens trange kyrkjeøkonomi er at gravferder må gjennomførast i andre kyrkjer enn der den døde har høyrt heime. Dette gjeld for eksempel for Heimdal menighet som må nytta kyrkja på Tiller til gravferd. Pårørande er fortvila over å få slik beskjed. Dagens situasjon er uhaldbar og KrF ynskjer å gjera noko med denne saka.

Den kyrkja i Trondheim som har vidaste opningstida er Vår Frues kirke. Kirkens Bymisjon makta å halda kyrkja døgnopen 250 døger i strekk i 2008 og 2009. No har opningstida blitt redusert. Enno er det døgnope fredag og laurdag, men dei andre dagane stenger kyrkja kl 18. KrF i Trondheim ynskjer å løfta fram alle frivillige som gjer det mogleg å ha Vår Frues kyrkje open så lenge. Samstundes ynskjer KrF å leggja til rette for å få utvida opningstidene. Kan det på ny vera mogleg å få til ei kyrkje som er open 24 timar i døgnet, sju dagar i veka?

I visa spør Jan Eggum: Kem ska redde verden no? KrF sitt svar på dette er me alle utfordra til å bidra. Ingen kan redda verda åleine, men for enkeltpersonar kan eit positivt engasjement frå kvar enkelt av oss bety svært mykje!

Etiketter: , , ,

lørdag, desember 19, 2009

Indonesisk julefest

I ettermiddag var me invitert på indonesisk julefest her i Trondheim. I år var samlinga i Baptistkyrkja.

Samlinga starta med julegudsteneste. Så var det mat - lett mix av indonesisk og norsk. Til slutt var det underhaldning, leikar og gåveutveksling. Nedanfor er det noke bilete frå samlinga.

Frøydis og Josef

Henry likte maten.

Korsang ved Indonesian Bible Study Group

Fransiska

Etiketter: , , ,

fredag, oktober 16, 2009

Gratulerer med 80-årsdagen, Fasto!


Fasto er på besøk i Trøndelag og ho fyller 80 år i dag, 17. oktober. Gratulerer så masse! Kjekt å ha deg på besøk!

Ho kom med Hurtigruta Lofoten nordover på torsdag morgonen. Midt på dagen var det bytur og besøk hos Jorid etter middag. Fredag var det tur til Tautra med Elling og Sigrun før det var middag på Kattem.

Bursdagen blir feira med ny bytur, musikkandakt i Nidarosdomen, middag i Rostengrenda og tur til Tyholttårnet! Eit naturleg høgdepunk på ein bursdag!

Etiketter: , ,

tirsdag, oktober 09, 2007

Forskningsdagane 2007


Det er ei stund sidan, men her er nokre glimt frå forskningsdagane. Det var mange ulike aktivitetar. Nikolai køyrde kybernetisk sykkel. Den går framover når du legg tyngda framover og bakover når du legg deg bakover. Brita laga seg elektronisk navneskilt. Bokstavane rullar over displayet.

Etiketter: , ,

lørdag, august 25, 2007

No er samfunnsplikta gjort!


I dag var eg på biblioteket på Heimdal og førehandsrøysta. Eg er bortreist på valdagen 10 september så difor vart det gjort på denne måten i år. Eg oppfordrar alle til å bruka røysteretten! Kjemp for alt hva du har kjært! Godt valg
Dersom nokre lokalpolitikarar i Trondheim skulle lesa dette så ber eg om at det vert laga gang og sykkelvei langs Ringvålveien frå Korsen og minst til Hestsjøen! Der er det mange som syklar og vegen er smal, svingete og uoversiktleg.

Etiketter: , , , , ,

fredag, august 03, 2007

St Elisabeth


I samband med Olavsfestdagane i Trondheim var det i dag pilegrimsvandring for born frå Sverresborg til Nidarosdomen med påfylgjande pilegrimsgudsteneste. Nikolai og Frøydis deltok og opplevde det veldig fint, interessant og spennande. På vandringa gjekk dei forbi skiltet til hjerteklinikken St Elisabeth. Nikolai lurte då på kven St Elisabeth var. Det var det ingen i nærleiken som kunne gi svar på. Etter litt etterforskning på Wikipedia.no viser det seg at St Elisabeth sannsynlegvis er den hellige Prinsesse Elisabeth av Ungarn som levde på 1200-talet. Festdagen hennar er 17.11 og ho er vernehelgen for "bakere, blonde­vevere, enker, foreldre­løse, tiggere, syke, uskyldig forfulgte og alle nødlidende og mot tannverk". Sjølv om ho levde i berre 24 år så er ho ein av dei mest avholdte helgenar i Tyskland og Ungarn og ho vert avbilda som ei grevinne med roser i fanget som hjelper folk i naud.


Etiketter: , , ,

mandag, juli 30, 2007

Olsok








Aldri har eg vore med på meir olsokfeiring enn i 2007. Me starta dagen med høgmesse i Nidarosdomen før me reiste vidare til Stiklestad. Før spelet starta hadde me piknik i tante Sissel sitt nyinnkjøpte party-telt. Teltet kom vel med for regnbygene var ganske intense. Heldigvis letta veret litt før spelet starta. Me var saman med mormor, tante Birthe, tante Sissel og onkel Calle.
På førehand har det vore mykje skriveri om at noverande regissør, Stein Winge, har avkristna spelet. Eg har aldri sett noko anna utgåve enn årets og må seia at det var ei stor oppleving.
Eg sit likevel igjen med eit spørsmål etter forestillinga: Kva tenkjer ein vanleg publikummar om temaet som spelet krinsar om, nemleg valet om kven ein skal tru på - dei gamle gudane eller Kvitekrist? Kong Olav sine replikkar om at folket måtte velja og at Gud var på hans side vart stadig møtt med latter frå publikum. Tolkar dei fleste det som om dette spelet berre skildrar noko av vår kulturarv og som hende for snart 1000 år sidan? Eg trur Jesus Kristus like mykje stiller oss på val i 2007. Kven vil eg fylgja? Kven vil du ha til herre i ditt liv?


Etiketter: , ,

lørdag, juli 28, 2007

Ut på tur, aldri sur


I vår kjøpte me oss telt og no har me fått prøvd det. Gutane i familien hadde overnattingstur til Lauglovatnet. Me traska inn til vatnet og slo opp teltet før me prøvde fiskestanga. I Vellikvatnet fekk me ein liten aure, men den slapp me laus igjen. Det blei difor ikkje fisk på menyen. Heldigvis hadde me med rikeleg med proviant.
Me var heldige med veret. Vermeldina var ikkje så verst, men det vart strålande ver. Regnbygene som var melde kom ikkje før me hadde komme oss heim. Då hadde me med oss litt blåbær og nokre molter + minnet om ei flott naturoppleving

Etiketter: ,

onsdag, juni 20, 2007

Vakker utsikt




Dei to siste dagane har eg vore på overlapping på kretskontoret i samband med at eg skal ta over som kretssekretær for NLM i Trøndelag 1.8.2007. Det er mykje å setja seg inn i, men eg håpar det skal gå bra.

Kretskontoret ligg i Fjordgata med vakker utsikt over Nidelva mot Jernbanestasjonen. Håpar det blir tid til å nyta utsikten av og til!

Etiketter: ,

Storfint besøk




I dag hadde Trondheim besøk av det nest største cruiseskipet i verda. Queen Mary 2 er 345 meter fra baugspiss til akterende. Skipet har 17 passasjerdekk og måler 47 meter fra kjøl til skorsteinstopp. Det var eit vakkert skue. Aldri har eit større skip vore til kai i Trondheim. Ombord var 3108 passasjerar som nytta dagen til sightseeing. Skipet låg like ved Pirbadet og ruva godt over det.

Etiketter: ,