Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, februar 26, 2009

Kva betyr religion for folk flest?


I fylgje ei amerikansk undersøking så betyr ikkje religion spesielt mykje for oss nordmenn. Norge er blant dei landa der ferrast har svart ja på spørsmålet om religion er viktig i livet deira. Berre 20% av nordmennene svara bekreftande. Det er litt fleire enn blant svenskane med 17% og danskane med 18%. Dei som bryr seg minst om religion er folket i Estland med berre 14%.

I andre enden av skalaen finn ein Egypt der 100% av folket seier at religion betyr mykje for dei. Indonesia kjem ikkje så langt bak med 98%.

Eg synest at dette var interessant lesnad. På laurdag skal eg vera med på temadag på Rødde Folkehøgskule om tru og livssyn. Der skal det bli interessant å høyra korleis norsk ungdom tenkjer om desse spørsmåla.

Les meir om undersøkinga gjengitt i Vårt Land her