Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, november 16, 2009

Ja til idrett, men det kan bli nok dugnad!


Barneidrett er flott, men det kan bli nok med dugnadar. Denne hausten har vore ekstrem. Det har vore salg av lodd, sokkar, kaker, poteter, dopapir, tørkepapir, varetelling både på Coop Obs! og Coop Prix og telefonkatalogutdeling (sjå biletet) på under 2 mnd! Dette er berre for handballaget til Brita og fotballaget til Nikolai.

Snart er det jul og då skal det dessutan seljast juletre og julenek til inntekt for Kattem Fotball. I tillegg er det julemesser med tilhøyrande salg av lodd for kyrkjelyd og misjon. Det er mest så ein er føler at venner, kollegar og familie lurer på kva salgsoppdrag ein er ute i denne gongen når ein treffest.

Er det nokon som vil kjøpa sokkar, forresten? Har 100 par liggjande. Frå str 35-45. Topp kvalitet!