Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, januar 04, 2013

...og drikke...

I Indonesia er det mykje god fruktjuice. Her er det tamarillo, mango og sirsak.
Kopi luwak er verdens dyraste kaffi. Kaffibæra blir etne av eit katteliknande dyr og bønnene kjem ut i andre enden. Dei blir så brent. Sjølvsagt måtte me prøva den eksklusive drikken.
Red Bull er ei populær drikke og sponsor av fleire av norges store idrettststjerner. Den lokale varianten heiter Kratindaeng. Nikolai kjøpte to boksar Red Bull på flyplassen i Singapore før han var klar over at det ikkje var lov å ta med flytande væsker på flyet.