Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, desember 05, 2006

Advent i Rådyrvegen 64


Det er 5. desember idag. I dag er det 5. desember. Det betyr at no er me godt i gang med adventstida. Ei adventstid som skal vera ei førebuingstid til jula. Då skal me feira at Frelsaren vart fødd i Betlehem for over 2000 år sidan. Det er allereie lys i mange stille og mindre stille grender. Som de kan sjå så har julegata blitt tent her hos oss óg. Lysprakta hjå naboen i 62 får våre to sjuarma stakar og to adventstjerner til å fortona seg som relativt minimalistisk.

Adventsmarkeringa går no likevel sin gang. Audhild har sendt oss adventskalender, me les frå adventsfortellinga i Superblink til frukosten og det ligg ein lilla ulos på kjøkenbordet. I tillegg så har jo fitjarposten.no ein julekalender som blir besøkt av og til. Det har jo blitt ein tradisjon at dei ulike TV-kanalane har sine daglege episodar som skal hjelpa oss til å komma i rett julestemning. Diverre har ikkje NRK prioritert å skapa ein julekalender med kristent innhald. Det er jo fullt forståeleg, for dei kunne jo komma til å støyta nokon om dei i julekalenderen markerte at jula var ei kristen høgtid. Det er vel heller tvilsomt om TV2 i det heile har vurdert om adventsserien deira kjem til å støyta nokon når dei tel ned til feiringa av Kvitekrist sin fødsel med å senda serien Jul i Valhall. Denne serien ser i alle fall ut til å slå an hos den yngre garde her i huset. Så får me håpa at etter kvart som jula kjem nærare så vil me komma i det rette fokus slik at me glade med song kan helsa vår broder i himmelhall, Som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall.

2 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home