Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, august 03, 2007

St Elisabeth


I samband med Olavsfestdagane i Trondheim var det i dag pilegrimsvandring for born frå Sverresborg til Nidarosdomen med påfylgjande pilegrimsgudsteneste. Nikolai og Frøydis deltok og opplevde det veldig fint, interessant og spennande. På vandringa gjekk dei forbi skiltet til hjerteklinikken St Elisabeth. Nikolai lurte då på kven St Elisabeth var. Det var det ingen i nærleiken som kunne gi svar på. Etter litt etterforskning på Wikipedia.no viser det seg at St Elisabeth sannsynlegvis er den hellige Prinsesse Elisabeth av Ungarn som levde på 1200-talet. Festdagen hennar er 17.11 og ho er vernehelgen for "bakere, blonde­vevere, enker, foreldre­løse, tiggere, syke, uskyldig forfulgte og alle nødlidende og mot tannverk". Sjølv om ho levde i berre 24 år så er ho ein av dei mest avholdte helgenar i Tyskland og Ungarn og ho vert avbilda som ei grevinne med roser i fanget som hjelper folk i naud.


Etiketter: , , ,