Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, februar 17, 2008

Sjakk og vinterferie

Her visar Nikolai fram premien frå sjakkturneringa på Byneset i dag. Nikolai kom på 12. plass etter ein siger, ein remis (uavgjort) og fire tap. Til tider spelte han veldig bra, men det gjorde motstandarane også.

Elles så har det komme mildver og regn. Dei flotte skiforholda som var i bymarka på fredag og laurdag er no regna bort. Det er dumt :-(

Johanne og Frøydis er på konsert med Trøndelag Soulchildren. Der deltar kusine Rakel.

God vinterferie til alle som har det!