Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, februar 04, 2008

Handballkamp


I dag debuterte også far i huset som handballspelar. Det skjedde då Brita sitt jenter 12-lag utfordra foreldra til kamp. Både far og mor Vestbøstad stilte opp. Etter 1. omgang var det 2-2, men kondisen til 12-åringane var nok litt betre og dei vann til slutt 7-5.
Det var kjempekjekt! Jentene var mykje kjappare i beina og dei fleste av foreldra var relativt lite vane med å handtera ein handball. Det vart difor mange korte angrep på foreldrelaget. Slitsomt, men artig. Det fristar absolutt til gjentakelse.
Eg må dessutan få skryta litt av meg sjølv, det er jo ikkje sikkert det er så mange andre som gjer det. Eg skåra to mål og det eine var visst ganske tøft å sjå på. Eg fekk ballen i eit rush, hadde ikkje så god kontroll så eg kom ut på venstrekanten. Fekk likevel kasta ballen mot mål og den gjekk via bortre stolpe og i mål. Sjølv såg eg ingenting av målet, men av jubelen så forstod eg at den hadde gått inn.
No er det visst planar om å gjenta suksessen og ha fleire treningar/kampar for gamlingane. Følg med, følg med!

Etiketter: ,