Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, mars 15, 2008

Sesongens siste skitur?

I dag hadde eg ein flott skitur i Bymarka. Gjekk frå Sapstad skisenter, over Rønningen, forbi Grønlia og opp til Skistua. Tok så turen ned til Granåsen og tilbake til Saupstad. Heile runden var i underkant av 3 mil. Sjølv om det ikkje var like langt som birkebeinarane måtte gå så brukte eg likevel lengre tid enn mange av dei som gjekk birken. Varierande føre. Eg starta i yr og isete løyper og la på hurtigklister under skia. Det lugga godt i starten, men vart ypperleg etter kvart. Opp mot Skistua var det derimot nysnø og som biletet syner så klabba det ein del. Kunne gå rett opp sjølv dei brattaste kneikane. Tilbaketuren var flott.

Dette er einaste skituren denne påska. I morgon tidleg reiser nemleg Nikolai og eg til Fitjar. Der er våren godt i gang og det blir vel andre aktivitetar enn skigåing.

Ynskjer alle ei god påske, anten det er klabbeføre eller solskin der du held deg!