Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, juli 13, 2008

Handballcup i Danmark

Brita og laget hennar har vore med på handball-cup i Dronninglund på Nord-Jylland siste veka. Det har vore veldig kjekt. Sjølv om Kattem sine 13-åringar måtte spela i 14-årsklassen så klarte dei seg bra. Dei vann to kampar, hadde ein uavgjort og tre tap. I tillegg til handballen så vart det tur til Fårup Sommerland, shopping i Aalborg og campingliv.

Me budde i telt og det gjekk veldig greit. Veret var skikkeleg variert. Det var regn og solskinn alle dagar.

Johanne og Nikolai var ikkje med. Johanne har malt huset til tante Heidi og onkel Helge i Åfjord og Nikolai har vore i Drøbak-sundet på hytta til tante Birthe og onkel Jomar. I fylgje rapportane har dei hatt det bra der.

For å sjå bilete frå cupen og sjekk av resultat så kan de gå inn på linken under. Det er flest bilete med Kattem-jentene på biletserien frå tirsdag (bilete 860-885). Kattem er det blå laget og dei vann den kampen som bileta er frå. Motstandarane var Sæby frå Danmark.