Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, mars 15, 2009

Mindre intelligente?

Rørosbygdenes Skogeierforening har mykje problem med samane i Røros-området og påstår at dei er for intelligente til å vera samar. Eg vil påstå at nokre av hundeeigarane i Trondheimsområdet ikkje kan skuldast for å vera i overkant intelligente. Grunnen er desse:

Rundt om i snøen ligg det plastikkposar med hundeavføring. Flott at hundeeigarane har med pose slik at når dei er på tur i skiløypa så kan ein plukka opp avføringa. Mindre flott er det at dei legg posane igjen ved skiløypa, hengjer dei på ei grein eller kastar dei inn i skogen. Det vil ta ei stund før pose med innhald er rotna opp. Det tar vesentleg kortare tid om det berre er avføringa som skal rotna.

Bortsett frå desse posane med hundelort så hadde Nikolai og eg ein flott skitur i dag. Me gjekk til Granåsen og prøvde oss i løypene som vart brukt på verdenscupen i går. Flott skarpt påskeføre og ekstra kjekt var det at både Petra Majdic og dei italienske landslagsjentene gjekk og traska saman med oss. Dei hadde både større fart og betre teknikk, men me var minst like sveitte!