Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, mars 23, 2009

Vårstemning


I helga var Frøydis og eg til Stavanger. Anledninga var feiring av Brit Elin og Terje sine 40-årsdagar. Så kombinerte me det med storbyweekend. Stavanger var fin i vårsola. Krokusen blømde i beda rundt Breiavatnet og til og med påskeliljene var i blomst. Litt nedtur var det å landa på Værnes og måtta skrapa bilen fri for snø. Ikkje all snøen var borte då me kom heim heller!



Me hadde ei flott helg. Fekk slappa av og kosa oss. På søndag var me i Salem. Fyrste me såg då me kom inn var Jørn Helland og Filip. Jørn skulle tala og det visste me ikkje. Positiv overraskelse! Me var og ein tur på besøk til tante Lindy på Nærbø. Ei god helg på alle måtar!