Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, september 24, 2009

Elg på vift

Mens me venta på at middagen skulle bli klar i ettermiddag så fekk me oss ei overrasking. Plutseleg kom det ein elg springande forbi kjøkenglaset. Det var dårleg med batteri i kameraet, men eit skudd vart det no. Så spørst det om elgen kjem i skuddsiktet igjen når elgjakta startar i morgon.