Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, desember 25, 2009

Gledeleg jul!


Denne jula har Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga si juleplate blitt den store hiten. Eg synest det er ei fantastisk fin plate og ein av dei finaste songane er songen Upp, gledjest alle.

Teksten til denne songen er skriven av den danske salmediktaren Thomas Kingo i 1689. I Norsk Salmebok står ein versjon av denne julesalma på moderne nynorsk (nr 8). I forslaget er til ny salmebok er ikkje denne salma teken med. Takk til Nordstoga for ein flott, ny melodi til denne salma og for å ha løfta ho ut av gløymeboka!


Opp, gled dykk alle
Opp, gled dykk alle, gled dykk no
med fagnad, fred og heilag ro,
for Herren sjølv er gleda!
Vår Jesus han er no så nær
og vil, av di han har oss kjær,
i kjøt og blod seg kleda

Bort, sorg og saknad, or vårt sinn!
Guds glede vil me lata inn,
at me kan Jesus fagna
med bøn og hjartans takk og tru.
Får denne gleda i oss bu,
skal songen aldri tagna.

Gud, lat din fred, som høgre er
ennhug og vit kan fata her,
vårt hjarta vel få vara
i Kristus Jesus, at me må
den store jolegleda få
som aldri bort skal fara!

Etiketter: , , , , , , , , , ,