Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, desember 25, 2011

Gledeleg jul

Dette er ei gledeleg jul for oss:
- Me får feira fødselen til Jesus, verdas frelsar, både heime, i kyrkja og i forsamlinga.
- Heile familien er samla
- Me er omgitt av storfamilien og får vera saman med delar av den.
- Me har flytta inn i nytt hus og har komme oss rimeleg greit i orden her.

Nedanfor er nokre bilete av julefeiringa vår.



Etiketter: ,

fredag, desember 25, 2009

Gledeleg jul!


Denne jula har Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga si juleplate blitt den store hiten. Eg synest det er ei fantastisk fin plate og ein av dei finaste songane er songen Upp, gledjest alle.

Teksten til denne songen er skriven av den danske salmediktaren Thomas Kingo i 1689. I Norsk Salmebok står ein versjon av denne julesalma på moderne nynorsk (nr 8). I forslaget er til ny salmebok er ikkje denne salma teken med. Takk til Nordstoga for ein flott, ny melodi til denne salma og for å ha løfta ho ut av gløymeboka!


Opp, gled dykk alle
Opp, gled dykk alle, gled dykk no
med fagnad, fred og heilag ro,
for Herren sjølv er gleda!
Vår Jesus han er no så nær
og vil, av di han har oss kjær,
i kjøt og blod seg kleda

Bort, sorg og saknad, or vårt sinn!
Guds glede vil me lata inn,
at me kan Jesus fagna
med bøn og hjartans takk og tru.
Får denne gleda i oss bu,
skal songen aldri tagna.

Gud, lat din fred, som høgre er
ennhug og vit kan fata her,
vårt hjarta vel få vara
i Kristus Jesus, at me må
den store jolegleda få
som aldri bort skal fara!

Etiketter: , , , , , , , , , ,

lørdag, desember 19, 2009

Indonesisk julefest

I ettermiddag var me invitert på indonesisk julefest her i Trondheim. I år var samlinga i Baptistkyrkja.

Samlinga starta med julegudsteneste. Så var det mat - lett mix av indonesisk og norsk. Til slutt var det underhaldning, leikar og gåveutveksling. Nedanfor er det noke bilete frå samlinga.

Frøydis og Josef

Henry likte maten.

Korsang ved Indonesian Bible Study Group

Fransiska

Etiketter: , , ,

mandag, november 30, 2009

Klar for desember!

Johanne sin kalender

Brita sin kalender

Nikolai sin kalender

Etiketter: , , ,

tirsdag, desember 23, 2008

Vi synger julen inn en gang til



I kveld var det den tradisjonelle gåveutvekslinga på Peppes i Kjøpmannsgata. 20 stk i Mørreaunet-klanen dukka opp. Det var muligens 23. gongen gjengen var samla, i alle fall er det ein godt innarbeidd tradisjon. Tradisjonen tru så var det få andre som åt pizza på litlajulafto. Også i år var det telefonisk overføring av "Det lyser i stille grender" til dei som ikkje var til stades. The same procedure as every year!

Etiketter: , , ,

søndag, desember 21, 2008

Vi synger julen inn!


Onkel Elling var innom i går og då måtte me jamma litt. God jul!

Etiketter: , , ,

søndag, november 30, 2008

1. søndag i advent

Ein innhaldsrik dag er snart over. Etter gudstenesta hadde me adventslunsj. Onkel Elling og tante Sigrun kom, og det gjorde også venner av Johanne og Brita. I kveld framførte Cantaremos julekantaten "For et barn er oss født - Julebudskapet i ord og toner" i Betania. Det var ei flott oppleving! Veldig kjekt var det og at det kom så mange for å høyra på! Frøydis var både pianist, korist og solist. Elling gjorde stor suksess som Keisar Augustus.

Etiketter: , , , ,