Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, januar 28, 2011

Startvanskar


Så er eg på tur. Alt såg greitt ut til å gå akkurat som planlagt frå starten av då eg vakna grytidleg i går. Flytaksien stod og venta kl 0400, eit kvarter før avtalt tid. På Værnes starta så utfordringane. Datasystemet til SAS var ikkje i slag og innsjekkinga vart difor problematisk.

Eg har diverre pass av den gamle sorten. Dermed fekk eg ikkje til å sjekka inn via dei sjølvbetjente automatane. I og med at datasystemet krangla så fekk eg beskjed om å ta med kofferten direkte til flyet. Det betydde at bortsett frå størrelse og vekt, måtte den tilfredsstilla krava til handbagasje. Eg fekk ingen boardingkort eller bagasjelappar.

Heldigvis hadde eg berre småflasker med toalettsaker. Det gjekk difor greitt å få det oppi ein av dei små plastikkposane. Solkrem og aftersun var derimot for stor og måtte gå i søpla. Eg hadde dessutan to små lommeknivar i kofferten. Dei fekk eg heller ikkje med. Heldigvis la eg igjen leatherman-kniven heime:)

Vel framme på flyet sette eg kofferten ved flytrappa og der dukka den opp igjen i København. I og med at korkje eg eller kofferten hadde reisedokumenta i orden, måtte eg gå frå skranke til skranke på Kastrup. Eg tok med meg kofferten gjennom tollen og sjekka inn på nytt. Det var ikkje så greitt sidan eg var midt i ei reise og for så vidt var sjekka inn. Etter ei stund gjekk det i orden og eg kom meg inn på terminalen igjen.

Etter å ha vore på taxfree og kjøpt ny, fersk solkrem og aftersun møtte eg studentane frå Fjellhaug og læraren deira Jorun. Me flaug saman via Singapore og landa i Medan i dag tidleg lokal tid. To av koffertane gjorde ikkje det, men me håpar dei dukkar snarleg opp.

Det vart lite søvn undervegs på turen. Difor har me gått litt i svime i dag, men kreftene strakk likevel til å få seg ein liten tur innom Starbucks (sjå bildet. Ein dukkert i bassenget på Hotel Danau Toba gjorde og susen. Me satsar likevel på ein tidleg kveld. Eg trur det skal bli godt å få sova etter to svært korte netter.

1 Comments:

  • Ska sei, kjedelig med baggasje som ikkje komme. du og dokk må ha ett herligt opphold. Hils kjente da !!!
    Silje

    By Anonymous Anonym, at fredag, 28 januar, 2011  

Legg inn en kommentar

<< Home