Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, desember 12, 2006

Julestemning

Framsida på Dagbladet i dag er til å komma i julestemning av. Føde-krise er temaet og det er supplert med tilleggsoverskrifter som Lange avstander, jordmor-mangel og Avviser fødende. Når ikkje julekalendrane på TV kan få assosiasjonane i retning av det som hende i Betlehem den fyrste julekvelden, er det godt at Dagbladet tar jobben. I Bjugn, rett over fjorden for oss, er det skikkeleg gale. Der må fødande reisa med ferje og ambulanse i to timar. "Å frakte ei kalvende ku slik ville ikke vært tillatt, men ei kvinne i fødsel tas ikke hensyn til, sier jordmor Erja Lilja Perera." Det var nok ikkje så lett for Maria heller...

For å få tankane i rett retning og som ei motvekt mot lysande nissar har me i dag gått til innkjøp av ei lysande julekrybbe som står i kjøkenglaset. Den er ikkje så fin bakfrå, men frå gata så kan ein sjå stallen i Betlehem opplyst av 10 små lys.


Det er ikkje så greitt å få noko godt bilete av krybba, men slik ser ho altså ut. Vil du sjå ho litt betre så får du ta ein tur utforbi kjøkenglaset vårt :-)


Ha ei framleis god adventstid!

2 Comments:

  • Ja eg komme eg, den va veldig fin julekrybba !!
    Ha ei fin førjulstid.
    Klem

    By Blogger Silje og Kjell Audun, at onsdag, 13 desember, 2006  

  • Så fin ei julekrybbe ! Her sliter vi med å få julestemning, selv om vi pyntet juletreet 1.des. Vi får besøk av Hellands på mandag. Gleder oss veldig. Tusen takk for serviettene og sjokoladepuddingen vi fikk av dere for noen uker siden....dere vet hva en misjonær ønsker seg dere. God advent og god jul. Klem Berit

    By Blogger JH, at lørdag, 16 desember, 2006  

Legg inn en kommentar

<< Home