Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, januar 28, 2007

Endeleg siger!

28.01.07 vil gå inn i minneboka til Johanne som ein stor dag. Ho vann nemleg sin fyrste handball-kamp i dag! Då sluttsignalet gjekk, viste det seg at Heimdal vart slått 11-7. Stillinga ved pause var 6-2. Heimdal kom best i gang i andre omgang, men Kattem skjerpa seg og drog sigeren i land! Det vart stor jubel både på banen og tribunen - i alle fall for alle som heia på Kattem. Det var mest slik at ingen trudde det var sant. Laget har vanlegvis tapt med eit betydeleg antall mål.

Far til Birgitte (keeper) sa at det gjer ingen ting om dei tapar alle andre kampar, berre dei slår Heimdal! Det gjorde dei! Gratulerer, Johanne!

1 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home