Turnè med Vestborg-russen
Dette er gruppa mi på russeturnèen. Ein kjempeflott gjeng! Frå venstre: Maria Gjengedal, Volda; Ida Mari Engjaberg Fedje, Stranda; meg; Henrik Huse, Brattvåg og Per Olav Hånes, Rovde. Diverre vart Henrik sjuk og reiste heim, men han kom heldigvis tilbake igjen til siste møtet.
Siste kvelden var me saman med dei fem andre gruppene på møtet i Hundeidvik. I tillegg til møta hadde gruppa vår besøk på tre skular for å informera om Vestborg. Får håpa at det resulterar i mange nye elevar på skulen. Både lærarar og elevar gav i alle fall mykje positiv respons.
Russen samla inn pengar til misjonsprosjektet deira i Etiopia. Dei har fire delprosjekt: Ein sjukehusevangelist i Jinka, bibelskulen i Dilla, bibelskulen i Hagere Selam og det siste og største prosjektet er arbeid for HIV/Aids-pasientar på sjukehusa i Arba Minch og Yirgalem. Målet er å samla inn totalt kr 150.000, men dei reknar med å få godt over det. Ein kjempeflott måte å bruka russetida på!
Oppmøtet på møta varierte frå ca 15 på Rovde til 100 i Hundeidvik på det møtet der alle russane deltok. Av dei møta me hadde åleine så var det flest folk på møtet i Volda med ca 50 personar. Det er kanskje likevel møtet me hadde i Ørsta me kjem til å hugsa best. Der var nemleg bedehuset stengt pga tett kloakk. Møtet måtte difor vera ein anna stad. NLM har opna ein gjenbruk-butikk i bygda og der rydda me til inne i butikken og hadde møtet der! Ei flott oppleving, sjølv Henrik som var teknikar hadde reist heim og me ikkje fekk prosjektoren til å virka. Dagen etter var me innom i butikken på handling og eg kjøpte meg ein ull-frakk. Kjekt å ha!
Her er eit lite utsnitt av møtedeltakarane på Gjenbruk i Ørsta
1 Comments:
Å, dette bringer gode minner! Var så kjekt å vere på turnè med deg! Håper du har det bra:) Genialt bloggnamn forresten;) Klem Ida Mari og Maria
By Ida Mari, at torsdag, 22 mars, 2007
Legg inn en kommentar
<< Home