Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, januar 12, 2007

Rapport frå Sunnmøre

Her er ei emissærhelsing frå Sunnmøre. Denne veka har eg møteveke i Brattvåg. Det har vore fine møte. Oppmøtet har vore på rundt 30 på dei fleste møta. I går var eg med på eldretreff. Der var det litt fleire innom. Diverre kan det verka som om det har vore eldretreff dei andre kveldane og. Dei fleste av møtegjengarane er pensjonistar. I morgon skal det vera årsmøte i misjonslaget her. Diverre klagast det over at det ikkje er yngre krefter som står klar til å vidareføra arbeidet. Det er likevel godt å merka at dei gamle har gløden og levande interesse for misjonen og Guds rikes arbeid.

I dag har eg hatt fridag. I kveld har eg vore på årsmøte-fest for Haram KrF. Det var interessant og gav eit lite innblikk i kva folket her er opptekne av. Dersom du har interesse av å lesa om årsmøtet og arbeidet i lokallaget så kan du gå inn på fylgjande web-side: www.krf.no/haram

Neste veke skal eg vera med Vestborg-russen på møte. Det er totalt seks grupper som skal ha møte på over 35 bedehus rundt i området. Det er fint om de er med og ber for desse møta. Be spesielt om at ungdommane må få ei positiv oppleving av møtet med misjonsfolket og at Vestborg kan få rekruttert mange nye elevar. Ein god del av plassane skal ungdommane ha skulebesøk for å driva reklame for skulen. Be og om at dei kan få presentert misjonsprosjektet sitt på ein god måte.

Mi gruppe skal ha desse møta i løpet av neste veke:
mandag: Lid
tirsdag: Ørsta
onsdag: Åmdalen
torsdag: Rovde
fredag: Dravlaus
laurdag: Volda
søndag: Hundeidvik

På møtet søndag skal alle gruppene delta. Alle gruppene startar med møte på Stranda no på søndag, men då er eg framleis her i Brattvåg.

Be og om at eg får det eg treng både for min eigen del og i møtet med ungdommen og misjonsfolket.

2 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home