Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, mars 07, 2007

Vårstemning


I dag har me eit nydeleg vårvér. Klisteret under skia fungerar som flugepapir, edderkoppane spring over terrassen og sola skin frå praktisk talt skyfri himmel. Eg hadde min første tur utandørs utan stillongs på mange månadar og då eg kom heim sat Frøydis ute og las faglitteratur (Antropological Insights for Missionaries) på terrasen. Til og med leksene kan gjerast utandørs på ein dag som denne.