Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, oktober 28, 2007

Biskop Ds J. Sinaga er død

Biskop Ds J. Sinaga døydde i dag kl 19.05 Wib (Vest-Indonesisk tid). Han vart nesten 83 år gammal. I 1965 braut han ut av den store batak-kyrkja HKBP og grunnla Indonesia Kristne Lutherske Kyrkje, GKLI. Han var leiar for kyrkja fram til eldste sonen, Dr. Sahala Sinaga, overtok som biskop i 2005.

Biskopen var ein dynamisk og visjonær kyrkjeleiar som ynskte å ta vare på og vidareføra arva frå Luther i Indonesia. På 1950-talet studerte han teologi i St. Paul i USA og etter det ville han gjennomføra ein luthersk reformasjon i Indonesia. I utgangspunktet ville han reformera HKBP, men det gjekk ikkje og han starta opp GKLI. Etter kvart fekk han kontakt med NLM og frå 1984 har det vore eit samarbeid mellom NLM og GKLI. Dette samarbeidet har til tider vore turbulent og Biskop Sinaga og misjonærane hadde slett ikkje samanfallande syn i alle ting. Sinaga ynskte å få starta ein teologisk høgskule og det fekk han gjennomført. Seminaret har aldri fått den betydning Sinaga såg for seg, men mange av studentane som har gått på seminaret står i meiningsfulle oppgåver rundt på Sumatra. Sinaga har og vore på besøk her i Norge.

Me fekk vera i GKLI-samanheng frå 1999-2001 då me budde i Sihabonghabong og underviste på seminaret. Etter det har me og hatt ein del kontakt med GKLI og personar i kyrkja.

Dogmatikk var Sinaga sitt fag og målet hans var å få gitt ut ein luthersk dogmatikk på indonesisk. Eg veit ikkje om den vart ferdig før han døydde.

Sinaga hadde ofte store planar og ikkje alt gjekk slik han tenkte. Han var ikkje alltid den som tok mest omsyn til andre og det var ikkje alltid like lett å samarbeida med han. Det er likevel med takksemd eg tenkjer på at eg har får lært han å kjenna. I dei siste åra har han hatt skrøpeleg helse. Han har hatt fleire slag og etter eit beinbrot har han vore nøydd til å bruka rullestol. Sjølv om han var skrøpeleg så hadde han glimtet i auga.

Det er spennande å sjå korleis GKLI vil utvikla seg no etter hans død. Kyrkja har hatt preg av å vera eit familiedynasti og det skal bli interessant å fylgja kyrkja framover. Må Gud velsigna GKLI og leiarane i kyrkja! Fred over Biskop Sinaga sitt minne.

Etiketter: ,

4 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home