Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, oktober 09, 2007

Hvis ingen går i fella...


Det er snart jul, men ikkje alle kjem til å få feira den. Søndag morgon fekk me fanga denne rakkaren i kjøkkenbenken.

Den musa gav inspirasjon til Frøydis slik at då ho skulle ha andak på familiespeidinga så las ho frå ei bok som heiter "En mus forteller". Boka handla om ei mus som var med i båten då Jesus stilla stormen.

Søndag ettermiddag reiste eg og borna til Åfjord og var på Breivolden to netter. I går dukka det opp ei mus på divanen. Det såg ut til at den ville sjå TV med oss. Det fekk ho ikkje lov til. Eg fekk heller ikkje lov til å drepa den, så musa vart fanga under ein balje og boren ut i friluft. Den var litt sløv så det er godt mogleg at den hadde smakt på rottegifta. Så spørs det om den kviknar til igjen slik at den får feira jul.