Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, oktober 31, 2007

Gratulera med reformasjonsdagen!



I dag er det 490 år sidan Martin Luther i fylgje kyrkjesoga slo opp dei 95 tesane på døra til slottskyrkja i Wittenberg (biletet). Luther hadde funne ut at mykje av det kyrkja stod for på hans tid ikkje hadde rot i bibelen og det ville han gjera folk merksame på.

Den reformerte kyrkja skal vera i ein kontinuerleg reformasjon, eller som det så vakkert heiter på latin: ecclesia reformata semper reformanda . Forandring i kyrkja er det ikkje så vanskeleg å få auge på i 2007. Diverre er det ikkje dei tre reformatoriske prinsippa sola scriptura (skrifta åleine), sola gratia (nåden åleine) og sola fide (trua åleine) som er styrande for utviklinga i vår tid.

I GKLI, kyrkja me arbeidde i fyrste perioden i Indonesia, vart reformasjonsdagen 31. oktober markert med samling i kyrkja. Kanskje kunne det vera noko å markera her i Noreg òg? Eit sunt alternativ til Halloween-markeringa som pågår i kveld.

Etiketter: , , , ,