Helgemessesøndag
I kyrkja i dag var det ei veldig fin gudsteneste. Kyrkjekoret her på Heimdal hadde øvt inn Allehelgensmesse av Egil Hovland. Den vart fyrste gong framført i Hamar Domkirke i 1970. Nokre av salmane var enno eldre. Salma på nummer 261 i Norsk Salmebok er på heile 13 vers. Den salma vart songen både ved inngangen og ved utgangen, alle 13 versa. I salmeboka står det at salma er frå gresk og latin og vart skriven på 300-talet. Så omsette Luther den til tysk i 1531 og den vart omsett til dansk i 1729 og så gjorde Landstad den norsk i 1861. Eg synest denne salma understrekar poenget med denne dagen. Som kristne i 2007 står me i ein lang tradisjon attende i tida.
På latin er tittelen Te Deum laudamus og den norske tittelen er O store Gud, vi lover deg. Dei seks fyrste versa er ei lovprisning av den treeininge Gud. Dei sju siste handlar om at det Jesus har ordna med frelse frå dommen og ei bøn om at me må få vera blant dei som vert frelst.
Ei lang og innhaldsmetta salme som minnar oss både om livsalvoret og håpet. Sjølv om det var ei relativt lang gudsteneste med lange salmer, dåp og nattverd så var det veldig godt å vera der. Det er av og til godt å ha eit friminutt frå ein hektisk kvardag der ein får tid til å tenkja over både livet og æva.
Etiketter: Allehelgensdag, frelse, Gud, Heimdal, Helgemesse, himmel, håp, Jesus, Luther, søndag

