Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, november 22, 2007

Kveldstankar

No er Nikolai i seng. Etter å ha vore med Tante Grøn, Brun og Fiolett og onkel Blå på båttur så sovna han. Tidlegare i kveld var han ute i snøen og aka. Blaut snø har lava ned i ettermiddag og Nikolai var våt og fornøgd då han kom inn.

Brita har vore heime frå skulen to dagar med vondt i hals og hovud. I morgon håpar me at ho er frisk nok til å gå på skulen. Ho skal nemleg på leir på Søvassli i helga og då må ho vera frisk!

Nikolai og eg skal til Laberget. Eg skal vera talar og Nikolai deltakar. Det er juleverkstad denne helga og det blir forhåpentlegvis kjekt for både store og små.

Frøydis er på handballtrening. Kattem Kaos har enno ikkje vunne ein kamp. Sist helg tapte dei berre med eit par mål. Kanskje går det betre denne helga? Dei har håp om å vinna. Skal det skje så må det trenast!

På nyhetene er det den eine merkelege saka etter det andre. Direktørrot i Norsk Tipping, kommunestyre som blir lurt trill rundt av finansluringar. Verda er visst i ferd med å gå av hengslene. I Amerika feirar dei Thanksgiving i dag. Ein kan lura på om det er så mykje å sei takk for slik verda er!

Eg klarar i alle fall ikkje å sei takk for utviklinga innan kyrkja den norske. I går vart det trykt eit intervju med meg i Adresseavisen om situasjonen. Det er ikkje noko kjekt å oppleva at eg ikkje kan identifisera meg med kyrkjeleiinga. Me har snakka om utmelding, men har ikkje gjort det enno. Eg kjenner meg ikkje komfortabel med å berre melda meg ut. Det er for så vidt ikkje noko salighetssak å vera kyrkjemedlem, men eg meinar at religion er noko offentleg. Då blir det feil signal å ikkje høyra til noko kyrkjesamfunn.

På søndag deltok Frøydis og eg på gudsteneste i Heimdal kirke. Temaet for gudstenesta var misjon. Nokre av konfirmantane deltok og Frøydis og eg vart intervjua. Sveinung Enstad hadde ein flott misjonstale og eg var skikkeleg oppløfta. Til helga er det julemesse i kyrkja og Frøydis skal vera med der. Me trivest godt i Heimdal-kyrkja, men eg klarar ikkje å gå god for biskopen vår og i alle fall ikkje for erkebiskop Trond Giske. Det er sanneleg sprekt av han å anbefala korleis kyrkjemøtet skal stemma i enkeltsaker! Statskyrkjeordninga verkar i alle fall meir og meir komisk.

I forgårs hadde eg ei oppmuntring. Eg var med på student-KR*IK. Ca 60 studentar hadde hatt trening i ein gymsal før dei samlast i Betania. Der fortalde eg litt om tenesta vår i Indonesia. Det var veldig god respons og mange ville snakka med meg etterpå. Veldig kjekt og veldig meiningsfylt! Studentane skulle og ha eit team til Sudan no i vinter og det var informasjon om prosjektet der. I avisene har det vore mykje skriverier om student-fylla og drikkekulturen til Trondheimsstudentane. Godt at det er nokre som har sunne ting å fylla fritida si med!

Dette vart mykje rart om mykje forskjellig. Eg har ikkje nemnt noko om Johanne. Ho er ute med venner. Det ser ut som om ho trivest med vennene sine for tida. Er ho ikkje saman med dei fysisk så har ho kontakt på msn eller mobiltelefon. Det er spennande å ha ein tenåring i familien. Kvar alder har sine utfordringar!

Kanskje passar det å slutta av med eit bibelord. Det er mogleg å bli uroleg når ein tenkjer på framtida. Kva vil skje då? Kanskje er det greitt å ta ein dag om gangen.

Matt 6,34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

2 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home