Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, november 04, 2007

Helgemessesøndag

Helgemesse er det nynorske ordet for Alle helgens dag. Frå gammalt av var datoen 1. november og dagen var feira til minne om alle helgenar. Nokre helgenar hadde ein eigen minnedag, men resten vart minna 1. november. Etter festdagsreduksjonen i 1770 vart dagen flytta til fyrste søndag i november og etter kvart har dagen vorte utvida til å vera ein dag der me som lever skal minnast dei som har gått føre oss, både helgenar, martyrar og familiemedlemmer.

I kyrkja i dag var det ei veldig fin gudsteneste. Kyrkjekoret her på Heimdal hadde øvt inn Allehelgensmesse av Egil Hovland. Den vart fyrste gong framført i Hamar Domkirke i 1970. Nokre av salmane var enno eldre. Salma på nummer 261 i Norsk Salmebok er på heile 13 vers. Den salma vart songen både ved inngangen og ved utgangen, alle 13 versa. I salmeboka står det at salma er frå gresk og latin og vart skriven på 300-talet. Så omsette Luther den til tysk i 1531 og den vart omsett til dansk i 1729 og så gjorde Landstad den norsk i 1861. Eg synest denne salma understrekar poenget med denne dagen. Som kristne i 2007 står me i ein lang tradisjon attende i tida.

På latin er tittelen Te Deum laudamus og den norske tittelen er O store Gud, vi lover deg. Dei seks fyrste versa er ei lovprisning av den treeininge Gud. Dei sju siste handlar om at det Jesus har ordna med frelse frå dommen og ei bøn om at me må få vera blant dei som vert frelst.

9. Du kommer med Guds velde stor
og holder dommedag på jord.
Så hjelp oss, Herre, vær vår trøst,
for du har oss så dyrt forløst.
*
10. Å, gi oss rom blant frelstes tall
i faderhusets høytidshall.
Ditt folk til hjelp, o Herre, kom!
Velsign din arv og eiendom!
*
11. Ja, bær oss, led oss, vis oss vei
til vi en dag får skue deg!
Vi søker glade til din favn,
hver dag velsigner vi ditt navn.
*
12. O Herre, stå for oss på vakt,
la ingen synd i oss få makt!
Vi ber det: Se i miskunn hit!
Til deg vi setter all vår lit.
*
13. Så vær oss nådig, Herre Gud,
ja, vær oss nådig livet ut!
Du, Herre, er alt håp vi vet.
Vi rokkes ei i evighet.
Amen.

Ei lang og innhaldsmetta salme som minnar oss både om livsalvoret og håpet. Sjølv om det var ei relativt lang gudsteneste med lange salmer, dåp og nattverd så var det veldig godt å vera der. Det er av og til godt å ha eit friminutt frå ein hektisk kvardag der ein får tid til å tenkja over både livet og æva.

Etiketter: , , , , , , , , ,