NM på skøyter 2008
Trønderane er kjende for å vera treige. Den myten bør vera knust ein gong for alle. I helga var nemleg Nikolai og Brita med foreldre i Fosenhallen. Der vart NM på skeiser 2008 arrangert. Neste års Norgesmeistrar i hurtigløp allround er Håvard Bøkko og Mari Hemmer.
Fosenhallen er innandørshall nr 2 for hurtigløp i Norge og det er ikkje fleire enn 13 i heile verda. Fantastisk at ein så liten plass som Bjugn har fått til noko slikt! Hallen er eit imponerande byggverk og har i tillegg til skeisebanen plass til ein hockey-bane, curling-bane, kunstgrasbane og løpebane med tartan-dekke. Tribune-fasilitetane var ikkje heilt topp og det var ganske så kaldt, men flott var det å vera innom. Neste tur tar eg med skeiser!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home