Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, desember 02, 2007

No tenner vi det fyrste lys


God advent! I dag har me tent eitt lys, Frøydis har vore med og sunge Arne Dagsvik si julekantate I denne søte juletid saman med prosjektkoret i Betania. Resten av oss og mange andre i familien var der og høyrde på. Det var ei fin adventsstund og godt med folk. Etterpå var det kaffi, pepperkaker, klementiner og sjokolade til å nyta saman med praten. Me måtte skunda oss heim slik at den yngre garde skulle få med seg avslutninga på Robinson-ekspedisjonen på TV3.

I føremiddag var eg på gudsteneste i Kolstad kirke. Presten er tysk, men snakka godt norsk. I talen bad han oss som var på gudstenesta å skriva på ein lapp noko som gav oss lys i liva våre. Etterpå skulle me skriva ned ting i liva våre som var mørkt. Lappane vart samla inn og lagt ned på golvet rundt døpefonten. Dei tinga som gir lys var skrive på smale, gule papirstrimler medan det mørke var skrive på svarte ark med eit kvitt rektangel i midten. Presten og kateketen las opp nokre av lappane. Mykje forskjellig, men veldig interessant. Det satte i alle fall igang nokre tankeprosessar hos meg.

Adventstida kan vera så mykje. Den kan vera travel og heseblesande, men kan og vera ei tid for ettertanke. Med dette er altså utfordringa gitt. Ta ei lita stund og tenk etter: Kva ville du ha skrive på lappane? Kva er lyspunkta dine? Kva er det mørke?

Etiketter: , , , , , , , ,