Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, desember 18, 2007

Siste familiemedlem

Brita har fått seg marsvin. Marsvinet er innfødt på Kattem, født og oppvaksen i nabohuset. Dyret heiter Haley og er hokjønn.

Dagen før Haley kom i hus var heile ankomsten i fare. Grunnen var at då me kom heim frå Fosen så hadde Johanne sin hamster, Sasha, rømt frå buret. Etter ei jakt som gjorde at heile famlien var involvert og gjekk glipp av VM-finalen i handball så kom Sasha til rette og blei bura inne. Tydelegvis hadde hamsteren funne ut korleis buret skulle opnast og då eg skulle nedom i kjellaren før eg gjekk til sengs så var buret tomt. Etter ein ny jakt fann me Sasha bak fryseboksen. Etter røminga så stod ikkje smågnagarar spesielt høgt i kurs hjå far i huset. Eit ekstra dyr stod ikkje akkurat øverst på ynskelista.

Så langt har det gått bra. I tillegg smågnagarane i bur så har me hatt fleire besøk av frittlevande mus i haust og fellene har hjelpt oss med å ta knekken på dei. Så håpar me at det ikkje vert behov for fleire gnagarjakter, korkje med feller eller lommelykt. Og om ei lita veke så kan alle som unngår fellene feira jul igjen.