Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, april 12, 2008

Ja til ekteskapet! Heis flagget!


Denne veka har det vore aksjonsveke for ekteskapet. Høgdepunktet er i dag 12. april med marsj nedover Karl Johan og folkemøte på Youngstorget. Eg kunne godt vore der, men det passar ikkje inn med øvrig program. I staden har eg heist flagget på balkongen. Som det heiter i oppfordringa frå aksjonskomiteen:
Heis flagget for ekteskapet på lørdag 12. april! Vi oppfordrer alle som har flagg og anledning til å heise flagget denne dagen. Dette er ingen protesthandling, men en positiv markering av sammenhengen mellom ekteskapet og norsk historie, kultur og religion. La flagget vaie over landet!
Ekteskapet som institusjon er inne i ei krise i Norge. Det blir færre inngåtte ekteskap og fleire skilsmisser. I 2006 vart det inngått 21721 ekteskap. 9608 ekteskap vart oppløyste. Av alle borna som vert fødde vert over 50% fødde utanfor ekteskap. I Trøndelag vart berre 34% av borna fødde 2006 født inn i ein familie der far og mor er gift med kvarandre.
Eit barn treng både far og mor. Difor må ekteskapet styrkast!