Fotballsesongen er i gang - billettsalget likeså
På søndag var Nikolai, Brita og eg på Lerkendal og såg RBK og Brann spela uavgjort. Det var ikkje noko stor kamp. Me får håpa det blir betre underhaldnig 19. april. Då kjem Odd på besøk.
Nikolai fekk seg gratisbillett til Odd-kampen då han gjekk Barnas Skidag. På fredag var eg og skulle løysa den inn. Frøydis og Johanne hadde og lyst til å vera med så eg skulle kjøpa 2 vaksenbillettar og 1 barnebillett i tillegg. Det finst pakketilbod for 1 vaksen og 1 barn til kr 210. For den ekstra vaksenbilletten måtte eg betala kr 240. Det er jo litt merkeleg. Det går ikkje an å senda ein 10-åring på Lerkendal på kamp åleine. Dersom ungen skal ha med foreldre så kostar det altså meir når ein brukar gratisbilletten enn om ein kjøper familiebillett! Rosenborg tapar i alle fall ingenting på å dela ut gratisbillettane når dei tar det inn igjen med 30 kr i forteneste på den vaksne som er med. Enden på visa vart at eg kjøpte to familiepakkar og ein gratisbillett i tilleg. For dei 5 billettane betalte eg 30 kr mindre enn om eg skulle hatt berre 4 billettar!
1 Comments:
Ja, forstå det den som vil. Men nå var det lite som var som det skulle med Rosenborg denne helgen, eller..
Skulle gjerne vært med dere den 19.april, men dessverre må turen gå sørover før kampstart siden det er arbeidsdag på mandag.
God påske!
By Anonym, at onsdag, 08 april, 2009
Legg inn en kommentar
<< Home