Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, april 07, 2009

Påskestemningsrapport


I dag har me hatt ein nydeleg vårdag. I underkant av 10 varmegrader. Det har begynt å komma hestehov i veikanten, ein av naboane har krokus i bedet og me kan så vidt sjå at tulipanane har tenkt seg opp. Flogene har vakna opp av vinterdvalen, men for nokre av dei vart det ei kortvarig glede. Klisteret på fjellskia vart deira bane.

Johanne er på Oppdal på leir, men resten av familien hadde ein sykkeltur til City Syd på formiddagen. Frøydis skulle på seinvakt og eg hadde meg ein lengre skitur i Bymarka på ettermiddagen. Skikkeleg påskeføre, nydeleg ver, men lite folk å sjå.