Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, november 23, 2009

Julemesse på Hitra

På laurdag hadde Misjonssambandet julemesse på Hitra. Eg var med som talar og vart skikkeleg imponert over kva dei relativt få eldsjelene på Hitra hadde fått istand. Dei hadde selt lodd på førehand for kr 55.000 og på sjølve dagen var det omsatt varer og lodd for over kr 65.000! Det er veldig bra jobba.

Nedanfor er det nokre glimt frå messa:

Lynghonningen var populær.

Inger Barreth Stevik ordna med gevinstar og Leif Bakeng hadde regien på trekkinga.

Lefsene gjekk unna som varmt kveitebrød.

Rømmegraut høyrer med.

Godt nøgde damer tel opp etter endt dyst.

Eg kjøpte med eit spann med salta sei. I dag vart det difor sei til middag. Saman med kokte poteter, gulrotstuing og bacon var det eit nydeleg måltid!