Reiseglimt frå Indonesia
Musikklinja på bibelskulen på Fjellhaug har to år på rad hatt tur til Indonesia og eg har vore heldig og fått vera med både i fjor og i år. I år er me ei gruppe på 14 elevar, klasselæraren Jorunn Alme og meg som er på tur. Me har no vore her i tre dagar.
På torsdag møtte me dei norske misjonærane og fekk eit interessant innblikk i livet deira her i byen.
I går var me tilbake på Abdi Sabda Teologiske Høgskule der eg underviste siste perioden me var i Indonesia. Det var veldig kjekt å møta både lærarar og elevar. Eg møtte ein av studentane mine som no er ferdig. Han hadde fått seg lærarjobb og hadde faktisk blitt rektor. Kjekt å sjå at studentane lukkast etter at dei er ferdige! Me var med på gudsteneste og det var mektig når 250 ungdommar song av full hals.
På gudsteneste på Abdi Sabda
I dag har me vore på besøk på ein barneheim. Rundt 70 born i alderen 4-18 bur på barneheimen og får skulegang. Nokre av dei er foreldrelause, medan andre bur der fordi foreldra ikkje maktar å ta seg av dei. Borna var flinke til å syngja og både Fjellhaug-elevane og barneheimsborna song fleire songar for kvarandre. Flott å høyra på begge to gruppene! Me overrakte nokre gåver til borna, blant anna nokre bøker. Ei av bøkene var norske folkeeventyr omsatt til indonesisk og eg las eventyret om kvifor reven fekk kvit haletipp for borna. Det såg ut for at dei likte eventyret. Etterpå var det leik. Me leika både "Alle minne kyllinger, kom heim!" og sparka fotball. Kontakten mellom borna og gjestene var veldig god.
På Elida barneheim
Me reiste til barneheimen med sudako. Sudako er minibussar som går faste ruter til mindre faste tider. Det er berre å stoppa bussen når han kjem og hoppa på. Heimover sette me nok norsk rekord i sudako-køyring. 15 nordmenn klarte å pressa seg inn i minibussen!
På tur med Sudako
Ungdommane ser ut til å trivast godt! Nokre har fått litt laus mage, men det er slikt som har lett for å komma. Me håpar at det går raskt over. Dei er interesserte i å prøva å smaka maten og sjølv den hasardiøse trafikken har dei ei positiv haldning til. Me har prøvd både privatbil, drosje, motorsykkeldrosje og minibuss. I tillegg har me hatt nokre turar til fots. Det er ikkje godt å seia kva som er mest farleg. Forholda her i byen er nemleg ikkje godt lagt til rette for fotgjengarar. Det er dårleg med fortau, men sjølv der det er fortau må ein vera obs. Det er ofte store hol der rett ned i ei røyrgate eller ein open kloakk. Me treng difor mykje reisenåde. Det har og vore kjekt å treffa andre folk.
Sitepu og meg
Eg har møtt Sitepu som er ein god venn frå tida i Sihabonghabong og i kveld møtte eg Amelia og Ibu Delfi.
Amelia og Ibu Delfi
Dei var hushjelpene våre i Medan. Amelia har jobb i ein barnehage og er i tillegg student for å full lærareksamen. Mora har ikkje fått ny jobb etter at ho slutta hos oss, men ho arbeider på risåkrar. No er risen hausta og åkrane står tome i påvente av nedbør. Det har ikkje regna på 1,5 månader, men i går kom det ein skikkeleg skur med skikkeleg troperegn i kveldinga. Det har reinska litt i lufta.
Dette var ein heller lang rapport om korleis me har det. Så langt har det vore veldig bra og me håpar at resten av turen vert like god!

Etiketter: Abdi Sabda, Indonesia, Medan
2 Comments:
Så kjekt å lesa Olav. Håpe dokk får mye ut av oppholdet dokkas der ute !!
Hils
(S og Ka)
By Unknown, at lørdag, 06 mars, 2010
Ser ut som om dere får oppleve mye kjekt,Olav!Så fint å se bilder fra kirka hvor alle smiler :) Fra Sigrun
By Anonym, at mandag, 08 mars, 2010
Legg inn en kommentar
<< Home